569 dagar...

569 dagar...

I dag er det 569 dagar sidan verda vår raste saman og fullstendig endra karakter. Det er 569 dagar med kroppar i full fightmodus, med følger av angst, depresjon, tvil på eige verd og hyperfokus. I 24 timar - kvar dag! Dette er ei tilstand som fullstendig slit deg sønder og saman. Søvn er noko ein får innimellom i korte periodar, om ein ikkje nyttar hjelpemiddel for å sove.

Saka vår var oppe i lagmannsretten førre veka, fordi tiltalte anka på straffeutmåling. Forsvarar stiller her spørsmål om det er rettferdig at tiltalte i ei overgrepssak blir dømt like strengt som i drapssaker. Dette er eit spørsmål som fullstending sler pusten ut av lungene mine. Eg kjenner at eg har vanskar med å  fatte at eit spørsmål som dette er relevant.

Vi har levd med etterdønningane etter tiltaltes handlingar i 12 år. Det er 12 år sidan min sons helse fullstendig svikta - då var han 10 år ! I 2 år klarte han berre å ligge, alle andre aktivitetar førte til ei utmatting og eit smertenivå som fekk han til å kaste opp. Deretter har vi jobba med å betre prognosar, millimeter for millimeter i 12 år. Bornet mista skulegong, all sosial omgang, alle arenaer ein 10 - åring skal vere på. 

Resten av familien??? Dei tilpassa seg, gjekk på tå og hev rundt denne sjuke guten, og ei mor som blei meir og meir utmatta. Til slutt endte og mi helse i ruinar, konsekvensar eg lev med i dag og. Syskjen mista si bekymringsfrie tilvere, og guten sjølv? Han meistra situasjonar og symptom vaksne har gjett opp.

Så for 569 dagar sidan bresta verkebyllen - og vi vart kjent med overgrepa han hadde vore utsett for. Då har familien og bornet sjølv, sørga over tapt barne - og ungdomstid i 10 år. I 10 år har vi jobba for å finne fotfeste i eit nytt tilvere for ein ung gut. Eit tilvere som var, og er prega av store utfordringar og avgrensingar, og som mamma har eg lenge skjønt at livet ikkje kom til å vere prega av alle moglegheitene eg skulle ynskje at  bornet mitt hadde.

Og alt dette skuldast handlingane til ein mann som var gjett nesten grenselaus tillit av omgjevnadane til bornet. Og no vågar mannen, via sin forsvarar, å stille spørsmålet om det er rettferdig at tiltalte blir dømt etter same strafferammer som drapstiltalte???

Eg blir stum. Og for første gong på 569 dagar er eg rasande! Det skulle ikkje vere tvil om strafferammene til svin som knuser framtida til ikkje berre eitt born, men 5 !!! (Og då VEIT vi at der er fleire!!!) Og tiltalte veit at vi veit! Likevel vågar han å fronte ei uttale som omhandlar urettvise for eiga straff. I  oppfattinga av kor urettvist han er behandla - pålegg han menneska han har øydelagt framtida til - å måtte vente endå lengre enn 569 dagar på endeleg punktum. Det betyr at vi ikkje får starta på nok ei runde med habilitering og knallhardt arbeid for å klare å gå vidare. Vi må vente - fordi tiltalte meinar han er urettvist behandla.

Eg er glad for det juridiske systemet vi har i Norge. Men i ei sak kor skuld er innrømma, grundig dokumentert, og fylgjene av skadene han har påført er meir enn synlege - så er det tiltalte som blir beskytta. Det heiter seg at bevisbyrden ligg hos tiltalte - men desse rundene i retten viser at det ikkje er slik. Det er stadig dei fornærma som må legge fram sine bevis (som i dette tilfelle er heva over all tvil!). 
Tenk om nokon kunne sagt - nei, no held det. Dei fornærma har gått gjennom nok! Lås døra i eit skikkeleg fengsel, slik at vi kan gløyme hans eksistens i ein 10 års tid.

Tiltalte har dømt, blant anna min son til livsvarig! Min son har ingen plass han kan anke. Hans sak er ferdig "behandla" - og det var klart allereie når han var 10 år. Så ver grei å gje oss arbeidsro no. Vi treng det!