Kaker på bestilling i Sunnfjord
Enten du skal feire bursdag, dåp, konfirmasjon, bryllaup, babyshower eller ei annan spesiell anledning, lagar eg også kaker på bestilling for kundar i Sunnfjord og omegn.
Alle kakene blir laga frå botnen av med fokus på gode råvarer, smak og detaljar.
Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat med dine ynskjer.
🌿 Mi historie
Eg heiter Ann-Kristin, men dei fleste kjenner meg som Titti.
Eg er utdanna sjukepleiar, og jobbar i dag som forskingssjukepleiar ved Kreftavdelinga på sjukehuset i Førde. Der jobbar eg tett med legar i kliniske studiar, og har ansvar for at alt blir gjort korrekt og trygt. Det er ein jobb som betyr mykje for meg, og som eg er stolt av.
Heime er vi ein stor og moderne familie – med mine og dine born. Til saman er vi sju unge vaksne, og etter kvart har det også kome to nydelege borneborn. Vi har eit hus med mykje liv, varme og opne dører. Eg trivst aller best når eg får samle familien rundt bordet, og eg elskar å bake – både til kjente og ukjente.
Livet er, som for alle, ikkje alltid rett fram. Når det har storma som mest, har eg ofte funne ro med strikketøyet i hendene. Å skape noko har gitt både trøyst og glede.
Hausten 2024 tok livet ei ny vending for oss. Ein familieven vart arrestert for overgrep mot born, og det viste seg at eitt av desse borna var eit av våre.
I tida som følgde, forsvann litt av roen eg hadde i strikkinga. Eg trong noko nytt, og fann vegen tilbake til hekling. Eg har alltid kunna hekle, men aldri gitt det same plass som strikkinga. No vart det annleis.
I dei enkle, gjentakande bevegelsane med heklepinnen fann eg att noko av roa. Og etter kvart også gleda. Gleda over å skape, og over å lage noko som kan brukast og gledast over.
Slik vart Tittis Hjørne til.
Her deler eg det eg lagar, det eg lærer, og det som gir meg ro. Du finn mønster, utstyr og ferdige produkt – men også inspirasjon og ein måte å skape på som ikkje hand
lar om å vere flink, men om å finne eit verdifullt augeblikk.
For oss har det også blitt viktig å bruke det vi står i til noko som kan hjelpe andre. Difor vil 5 % av alt sal gå til Landsforeningen mot overgrep. Når tida er rett, og endeleg dom avsagt vil vi også dele meir av historia vår – for å vere med på å bryte ned tabu og kaste lys inn i desse mørke krokane.
Saman er vi sterke.
Og saman kan vi skape små rom av ro, varme og kreativitet.
Det er det eg ønskjer at Tittis Hjørne skal vere 💛
Klem frå meg.
