I snart to år har livet vårt stått med pauseknappen halvvegs inne. Alt har kjentes som om det har gått seinare. Fokuset har vore retta mot familien og dei rundt som ein etterkvart kjenner som familie. Vi har venta, og lengta etter dagen som kom i går. Høgsterett vil ikkje behandle saka, og avviser den i døra. Og han som hikstande, med skjelvande stemme uttrykte at han ville ta straffa si - har endeleg tapt! Han må leve gjennom ein dom, som eg meinar kunne vore strengare. Dommen på 14,5 år og 15 mill i erstatning samsvarar ikkje med dommen han har felt over blant anna min son - ein dom på livstid! Men han har fått konsekvensar, og dei han har forsøkt øydelegge - kan starte på oppbygginga av liva sine med nye verktøy og kunnskap.
I denne tida har eg oppdaga kreftene som slit i ein kropp i kronisk alarmberedskap. Men eg har óg funnet helinga som fins i det kreative. Det å halde hendene i beveging, med å skape, lære og meistre har hatt ein enorm effekt. Eg lærte meg å hekle - fordi eg las at motpolen til ein hukommelse som ikkje spelte på lag - var å lære seg noko nytt. Skape nye hjernebaner og deretter trene dei. Det eg oppdaga då eg starta med dette, var at eg kunne kupere angstanfall, korrigere humørsvingingar og dempe stress, berre ved å plukke fram heklenåla. Søvnløysheit vart ikkje lengre eit problem, men ei tid kor eg kunne skape og lære. Eg kunne fylle avgrunnen eg kjende på, med kreativitet og glede over meistring. Fordi eg er den eg er - litt over gjennomsnittet engasjert i kva det skal vere, så måtte det jo bli noko meir enn berre glede for meg sjølv. Dermed vart gleda over marked og messer vekt, og deretter skjønte eg at dette skulle eg halde på med.
Tittis Hjørne vart fødd, etter ein liten tur innom Creative Nurse. Målet var å dele skaperglede, men og å lære vekk kor viktig kunst og handverk er for sjela vår. Det å halde kurs, lære vekk ein metode i sjølvhjelp, vart viktig for meg. Tenk å hatt dette på blå resept?!
Du vekker dei taktile sansane dine gjennom å nytte hendene dine. Hjernen får styrt fokuset mot dette lille prosjektet du har i hendene, og serotoninen flyt når du får til det du prøvar på. Endorfinresponsen dempar negative responar i kroppen, som til dømes smerte. Dette er eit mektig hjelpemiddel!
I ein livssituasjon som hadde potensiale til å knekke deg, valde eg å fokusere og jobbe med å vere positiv og løysingsorientert. Vi har mista så utruleg mykje, at fokuset måtte bli å bygge på nytt. Mi løysing vart Tittis Hjørne. Her kan man finne likesinna, som elskar det same som deg. Og resten blir gjerne begeistra for produkta dine. Overskotet skal brukasr til investering i nye produkt, og fast årleg støtte til Landsforeninga mot seksuelle overgrep.
No håpar eg berre å nå ut med bodskapen til Tittis Hjørne - ikkje gøym deg i stillheit, gå med heva hovude og bruk stemma di! Og når det blir litt mykje, finn fram litt tråd, maling, teikneblyantar eller liknande, og slepp kreativiteten laus. Det kurerar kanskje ikkje plagene og problema dine, men jammen blir det lettare å bere. Tittis Hjørne skal vere mi plattform kor eg gjer akkurat dette.
Og du er hjarteleg velkommen til å vere med!
Berre godheit, Titti🧡
0 kommentarer