Ei gledeleg oppdaging...

Foto: Marte Mandelid, Klarheit

Hei alle lesarar av Tittis Hjørne sin blogg. Eg er svært takksam for at akkurat DU gidde å lese mi drodling om stort og smått. Du skapar trafikk på sida mi, og eg håpar du stikk innom nettbutikken min å kikkar litt og? Unn deg sjølv ein glad liten nøkkelring eller 2, som berre gjer hjartet litt lettare - for ikkje å snakke om at det gjer det lettare å spore nøklane dine i ei stor veske.

Denne veka gjorde eg ei større oppdaging. Eg hadde 2 mål når eg starta opp denne nettsida mi. Det største og viktigaste er jo sjølvsagt at eg skulle bli ein relevant markedsspelar i veskeutsyr - dette er eit mål eg håpar å bevege meg litt nærare kvar dag. Men det andre delmålet eg hadde var å legge press på det eg syns var høge prisar på utstyr for å lage vesker. Og denne veka ser eg at små aktørar som meg som har vore svært bevisst på prissetting i eit økonomisk vanskeleg klima - har fått prisane ned nasjonalt. Dette var veldig kjekt å sjå. Dei dyraste butikkane har no og senka prisane, fordi konkurrentane har solgt til lavare pris. Dette varmar hjartet mitt. Eg skal ikkje påstå at dette er oss småaktørane si forteneste - men forsking syner at markedet styrer, og kjøparkrafta er stor. Så folkens, ved å velge å handle frå dei som er billigast, og held på å etablere seg - så støttar du to viktige moment. Nemleg å hjelpe ei lita lokal bedrift å vekse - samtidig som dette tener deg i den grad at du er med å presse ned høge prisar.

Dette må jo vere essensen i TEAMWORK! Eg er uendeleg takksam for kvar enkelt som handlar hos meg, som gjennom dette støttar min draum og mi målsetting for mi bedrift. TUSEN TAKK ALLE SOM EIN! Det virkar på fleire områder enn kun din privatøkonomi. Så i dag vil eg at vi alle klappar oss på skuldra for godt teamarbeid !!!

Ha ein nydeleg mai-sundag.

Vi heklast, klem Titti