Ei helg i kreativitetens navn.....

Ei helg i kreativitetens navn.....

Først og fremst - tusen takk til alle nye og gamle kundar som handla på sal hos Tittis Hjørne- eg er evig takknemleg og lukkeleg for kvar og ein som finn vegen til mitt hjørne!

Dette har vore ei helg kor eg formeleg har kjent kreativiteten blomstre. Det som hadde høgst prioritet denne veka, var ein skikkeleg artig konfirmasjonskake-bestilling. Ungdommen ville ha ei kake av ein Toyota Hiace - sølv metallic.

Her anar eg ei god historie i bakgrunnen, og eg ville difor gjer mitt aller beste for å imøtekomme konfirmanten sine ynskjer. Kaka vart til, og endte sjølvsagt ikkje opp heilt slik eg såg føre meg i mitt indre auge - men kjekt var det lell.

Sluttresultatet vegde 8,5 kg og vart sjåande slik ut.

I tillegg har heklenåla fått køyrd seg bra i helga. Ein ny veskeserie har sett dagens lys, med ikkje mindre enn 3 ulike veskemodellar.

Sundag 3.mai lanserar eg både veskene og oppskrifter i eit nytt format eg håpar dei fleste finn både nyttige og lettleste. Du får eit lite sneak peak her ....

Eg kjem og til å lansere ei facebookside knytt opp til abonnent, med alle oppskrifter tilgjengeleg så lenge du har bet abonnent. Denne sida får navnet Tittis Hjørne - Bak maskene. Abonnent blir å få kjøpt i nettbutikken under Div. tilbehør. Lanseringsdato blir i mai ein gong. Dato kjem fysst i nyheitsbrev til abonnentar.

Dette har vore ei helg kor eg formeleg har kjent kreativiteten blomstre. Det som hadde høgst prioritet denne veka, var ein skikkeleg artig konfirmasjonskake-bestilling. Ungdommen ville ha ei kake av ein Toyota Hiace - sølv metallic.

På denne sida legg eg ut alle oppskrifter gratis, du får gje direkte tilbakemelding på ting du måtte ha på hjartet, og alle kan dele sine bilder fritt. Eg kjem til å legge ut minst 2 oppskrifter pr mnd. Sida skal ikkje nyttast til sal i det heile. Her er det kun meininga at vi skal lære av kvarandre, og forøvrig berre vere snill og grei. Eg kjem til å halde live kveldar kor vi berre heng saman i felles interesse, kan diskutere ting man lurer på, og eg delar tips og triks eg har funnet ut av. Desse kveldane blir annonsert inne på gruppa. Abonnentar på nyheitsbrevet mitt får sjølvsagt også her rabatt, som dei gjer på alt mogeleg anna.

Eg håpar du heng med vidare framover - eg bygg sakte men sikkert opp eit solid fundament på Tittis Hjørne. Ingenting ville gleda meg meir, enn om du hang med på vegen vidare.

Vi heklast!

Klem frå Titti