Vi er ferdig med rettsak - forhåpentleg. Det er fortsatt 7 dagar att av ankeperioden, men uansett så er det verste unnagjort. No kjenner vi systemet, og veit meir kva vi går til. Men aller helst kryssar vi fingrane og håpar på at vi kan få starte of fokusere på den verkelege jobben - å bearbeide og (re)-habilitere.... Vi er motivert og klar til å gjere den tøffaste jobben, nemleg å leve med konsekvensane av eit menneskes patologiske sinn og handlingar. Vi opplev nesten berre positiv støtte - og kjenner på "ein vegg" av omsorg rundt oss.
Denne helga har eg verkeleg komme i gong med Tittis Hjørne.

7 flotte damer kom på heklekurs, dei fleste med svært liten hekleerfaring, men med stor motivasjon og lærelyst. Kurslokalet vi har laga til Tittis Hjørne i kjelleren, viste seg å fylle alle behov. Dette var berre ei vitamininnsprøyting!

Og for å toppe det heile - så har eg aktivert min you tube kanal @tittishorne og lagt ut videoar der. Dette har vore plan ei stund, men 2 runder med noko som likna på virus på stemmebandet, sette ei effektiv stoppar for alle innspelingsplanar. Men i går spela eg inn, og lasta opp, mine fysste videoar. Dette var litt av eit steg ut av komfortsona for ei som ikkje syns noko om å sjå bileter av seg sjølv ein gong. Men det gjekk overraskande bra!

I desse dagar har eg så mykje å vere takknemleg for. Eit støtteapparat som står støtt rundt heile familien, og ei lita bedrift som utfordrar og helt tankane opptekne med konstruktive og kreative påfunn. Dette er ein gamal draum som oppfyllast. Ei eiga lita bedrift som eg styrar sjølv, og formar heilt etter eige hjarte.
Tusen takk til kvar og ein som følger Tittis Hjørne, som delar, handlar, reklamerar og heiar på meg i denne reisa. Dåke får ein heilt eigen plass i hjartet mitt!
Stikk veldig gjerne innom You tube kanalen min @tittishjorne
Eg blir svært takksam for alle delingar og abonnement. Eg må ha stor aktivitet på kanalen for å komme opp på søkemotorane.
Tusen takk for at akkurat du føl reisa mi, og delar mi store glede for handarbeid. Tusen takk for deg!
Med takknemligheit Titti