Desember månad blei ein heilt spesiell månad for oss. Siste veka før jul måtte vi i retten og møte han som har forårsaka så utruleg mykje skade hos mitt (mine) born, og fleire andre sine born. Eg kan sei det slik, fysisk kjentes desse dagane ut som om ein hadde løpt maraton kvar einaste dag, og psykisk..... tja...
I forkant av denne øvinga, bestemte eg meg for å ta ei tatovering som eg har tenkt på i nokre år. Ygdrasil - fordi alle mine born enten har ein variant av dette treet, eller har planar om å få det på sikt, I botnen av treet er sju kraftige vakre røter, som symboliserar våre 7 born, Dei som jordar oss, og gjev oss retning.
Ygdrasil står i kraftig vind - fordi vi har stått i nokre stormar, og er livet sannferdig - blir det fleire. Over Ygdrasil, skrått over skulder-/armfestet står det:
This too shall pass
Dette har vore vårt mantra når livet gjev motstand som kjennast umogeleg. Då held vi fast i trua på at vi finn fotfestet att, og noko godt kjem ut av dei mørkaste stundene. Det kan av og til berre vere litt vanskeleg å få auge på.
Og det merkelegaste skjedde desse dagane i retten. Vi fann styrke, samhald og kjente at dei fysste stega mot vegen vidare no blei tekne. Mitt born fann krafta si att, gjennom å møte ein overgripar som synte seg mykje svakare og uviktig i nytt perspektiv. Vi er klar til neste trinn i vår tilheling, og vi møter dette som ein styrka familie, med klare mål! Vi er klar for 2026, og har bretta opp skjorteermane for jobben som startas dette året.
Jula vår vart sjølvsagt spesiell. Men alle våre 7 born var heime på same tid for første gong på 5 år;
.

Vi tok til oss krafta frå kjærligheita frå familien, men og frå alle rundt oss. Både fjerne og nære kom på døra med merksemd. Alt frå klemmar til blomer, likør, sjokolade og tid. Vi fekk meldingar og telefonar, og har berre møtt ei kraft utan sidestykke frå alle fantastiske sjeler rundt oss. Dette gjer iallefall meg klar til neste epoke.
Vi møter 2026 med enorm takknemlegheit. Eg har bestemt meg for at dette året skal eg jobbe med heling. Eg skal finne meg sjølv att, og på denne måten bli betre for denne store og litt uhandterlege familien min som betyr alt. Difior meldte eg meg på kurs hos Bjørg Thoraldsdottir, hennar Destinasjon glede. Eg må ha litt hjelp til å bli glad att, og tenkjer at eg må lære meg korleis eg finn dette att. 2025 vart sorgens år for meg, då er det berre rett og rimeleg at 2026 blir året for glede!
Godt nyttår alle saman, og takk for å du følgjer meg i mitt litte hjørne av verda. I løpet av dette året skal de bli godt kjent med meg. Den første videoen blir publisert første helga i januar.
Gledeleg helsing Titti xxx