Haustblues...

Haustblues...

Denne sommaren har vore begredeleg veirmessig. Eg har nok og vore litt under gjennomsnittet i energi og overskot, men vi har likevel samla nokre fine borneborn-minner i minnebanken. Og dei overstyrer alt regn på jorda.

Det er tøft å stå i bedriftsoppstart - sjølv etter nesten eitt år. Eg skal innrømme at eg no  dagleg er innom tanken å gje meg - fordi eg ser eg ikkje heilt får det til. Sjølv om eg har 150 stk innom nettsida mi kvar dag, i periodar - kuliminerar det ikkje i sal. Og det er vanskeleg å stå i over tid. Eg var sikker på at dersom ein kom som ein aktør på sal av cord - så ville ein vere aktuell - berre ein utfordrar prisane på markedet. Det visar seg at det ikkje er heilt så enkelt. Og det er vanskeleg å stå i - både økonomisk og meistringsmessig.

Eg har sagt at eg skal vere meg sjølv i markedsprofil; bileter med rynker og bustete hår - fordi det er meg. Eg er ei halvsprø, kreativ og impulsiv besta, som alltid likar å vere i farta. Mine videoar viser ikkej velstelte hender med lakkerte negler, dei er flekka av maling og leire. Eg vel difor å vere open om usikkerheita eg kjenner for tida - fordi det og er meg.

Men du og du så gøy dette kan vere. Kontakten med likesinna, messer og dei kursa eg har hatt. Eg har rett og slett kosa meg glugg!!! Difor held eg fortsatt fast i draumen, og prøvar litt til! Eg håpar jo at dette er den seiga fasen alle snakkar om, slik at dette løsnar og kan vere mitt lille sideprosjekt i lang tid.

Til alle dykk fine folk der ute, tusen takk for kvar bestilling -  for kvar einaste kompliment og klapp på skuldra. Eg er så takknemleg. Og håpar eg får betalt tilbake ved å formidle kor viktig det kreative sjelelivet vårt er. At eg kan vist og fortalt kor sterk helingskraft kunst og handverk har på eit knust hjarte og traumatisert sinn. Eg brenn verkeleg for å dele denne kunnskapen med alle som orkar høyre - samtidig som eg praktiserar dette i mi eiga helingsreise. Vi snakkar om at trening skulle vore på blå resept - men jammen skulle kreative aktivitetar vore det og.

Kva enn framtida bring, så veit eg at eg personleg alltid vil ha noko i hendene av kreativ art, og erfaringane det siste året ville eg aldri vore foruten. Igjen - TUSEN TAKK til alle som ein!

Masse kreativ energi - Titti

0 kommentarer

Skriv en kommentar

Merk at kommentarer må godkjennes før de publiseres.