Hekling som medisin i kvardagar som har endra seg...

Hekling som medisin i kvardagar som har endra seg...

Eg er ein person som elskar kvardagar, og syns det viktigste er å gjere desse spesielle. Men i tida etter min sons rettsak har eg streva mykje med korleis eg skal handtere akkurat desse dagane.

Eg er i behandling for depresjon, noko ein kanskje kan forvente etter ei slik sak, men totalt overraskande for meg. Eg nemner dette fordi at hadde eg brote foten sidan sist, hadde eg nemt det som det mest naturlege i verda. Og det syns eg og vi skal gjere med sjukdommar som rammar psyke. Så folkens - eg er deprimert!

For meg gjev det seg uttrykk i mykje sjukdomssymptom, men etterkvart har angsten meldt sin ankomst og. Dette kjenner eg som ei voldsom uro, som kun kan løysast ved at eg driv med noko. Om ikkje dett eg ned i hola ¨kva om....¨ Akkurat den staden kjenner eg er skadeleg for meg der eg er i dag, og då blir det mykje hekling. Hekling lindrar, og eg kjenner at venstre hjernehalvdel får kvilt seg litt, mens den høgre går på høggir. Skapar eg,er det roleg inni hovudet. Det er ikkje nøye kva det er eg skapar - men eg kjenner hekling gjev meg noko ekstra sidan den gjev så fort resultat. Hekling og bedrift har rett og slett blitt min medisin.

Så heklar man, og skriv på noko som kan bli til noko - eller ikkje... Det spelar ikkje så stor rolle. Eg får uttrykt det som er vanskeleg å sei ved spørsmålet: ¨Korleis går det?¨

Nettsida mi veks gradvis - og no i april vil det komme spennande tilgongar til mønster og produkt. Mønster blir delt i gratis og kjøp. Men det skal lønne seg å vere abonnement på mitt nyheitsbrev, som eg skal forsøke å få ut minst 1 x pr mnd frå no. Der kjem rabattar til kampanjar, forvarsel på eventar både digitale og fysiske. Og så held eg no på å legge mine siste touch på ei facebook side for betalande medlemmar, kor der kjem oppskrifter og videorettleiingar ein ikkje får gratis tilgong til andre plassar. Denne sida skal vere oppbyggande og støttande, og ikkje for sal! Her skal vi skape eit fellesskap kor alle spørsmål blir behandla med respekt. Denne sida gler eg meg til å publisere!!!

Det blir mykje nytt framover - berre føl med på Tittis Hjørne si reise. Kanskje akkurat du får ny inspirasjon?