Julemesse hos Florø Husflid laurdag 15.november 2025. Ein liten visitt i barndommens dal.

Julemesse hos Florø Husflid laurdag 15.november 2025. Ein liten visitt i barndommens dal.

Julemesse hos Florø Husflid laurdag 15.november 2025. Ein liten visitt i barndommens dal.

                                          

Laurdag 15.november var eg på julemesse i Florø, byen i vest kor eg er født og oppvaksen. Eg har ikkje budd i Florø på 25 år, og sidan pappa døde, er eg sjeldan på besøk. Det var litt blanda kjensler for denne julemessa, fordi det er så mange mennesker som kjenner meg, men som egikkje har snakka med på svært lenge. Men det er absolutt svært passande å starte reisa til Tittis hjørne der ute, fordi eg var «berre» Titti når eg budde der.

Døypenamnet mitt – Ann-Kristin brukte eg ikkje i barne- og ungdomsår. Faktum er at den einaste  gongen eg høyrde det brukt, var når eg hadde strukket grensene til min far så langt at «kapteinsbarytonen» vart brukt. Det skjedde ikkje ofte – fordi min far var i barndommen den mest tolmodige og snille pappa ein kunne ynskje seg. Men når døypenamnet mitt vart brukt, var det berre å gå stille i dørane, for då var tolmodet oppbrukt!

Alle som kjende meg kalla meg Titti, eit kallenamn familien min alltid har brukt. Men då eg var ferdig med sjukepleien i vaksen alder, vart eg så lei av å forklare dette kallenamnet, i tillegg til at dei eldre rett og slett ikkje forstod kva eg sa når eg presenterte meg som Titti. Så sidan 2007 har eg primært brukt døypenamnet mitt, og Titti har vore reservert for dei som alltid har kjent meg og nær familie og vener.

Julemessa i Florø vart serdeles vellukka! Det gjer ei varm kjensle å bli referert til som Titti, som eit lite blaff frå noko trygt. Det kom så mange bortom standplassen min for å helse på og sjekke ut produkta mine. Sjeldan har eg opplevd så mange komplimenter og godord om alt arbeidet eg har lagt ned. Det var utruleg hyggeleg og rørande. Samtidig hadde eg eit godt sal, som verkeleg «boosta» arbeidslysta rundt prosjektet med mi lille bedrift. Mange hadde vanskar med å tru at eg hadde lage veskene sjølv. Kven blir vel ikkje lukkeleg av slike tilbakemeldingar?

Eg er god på  å kun sjå det eg ikkje er fornøgd med ved produkta mine.  Eg anar rett og slett ikkje kor mange gonger eg rekk opp arbeidet mitt, fordi eg ikkje treff det resultatet eg ynskjer. I tillegg har eg stor respekt for å ta betalt for desse produkta. Difor vart denne dagen så uendeleg god!

Tusen takk til Florø for ein varm og ei utruleg god oppleving. Denne lagrast i hjartet!