Å starte bedrift er utfordrande. Eg opna nettbutikken 27.november 2025, men pga rettsaka, var oppstarten eigentleg ikkje skikkeleg i gong for min del før etter nyttår. Det er tusen ting å sette seg inn i, og å lære. Markedsføring, toll og avgifter ved import, korleis hekle noko eg tør selge? Og ikkje minst - drifting av ei heimeside med nettbutikk.
Eg har fine folk rundt meg - som alle heiar. Og nokre endå tettare som stiller opp og hjelper. Eg fann meg ei anna oppstartsbedrift "Klarheit" eigd av Marte Mandelid, og ho har rett og slett vore ei gudegåve. Eg kan berre anbefale henne på det varmaste. Ho har hjulpe meg med å korrigere og skru til nettsida, slik at den blir eit korrekt bilete på meg. Ho har rådgjett og trykt opp alt frå klistermerker til visittkort. Og når eg har mista trua - har ho jaggu stilt med pep-talk og. I dag har ho vore her og tatt bileter av meg og lokala mine - for nettsida. Marte er ein lagspelar, som spelar andre gode.
For der er mange litt meir ambivalente dagar. Når ein er kreativ i ein eller annan retning - er det kjent at det medfører tvil på eigne evner. Eg for min del har så stor respekt for å ta imot andre sine pengar, at eg nesten ikkje tør levere ut produkta mine. Av redsel for at folk skal kjøpe "katta i sekken". Dette medfører og vanskar med å sette rett pris på varene - ein heller då mot å ta for lite betalt.
Men eg er og så heldig å ha stor familie. Den ungeflokken vår (som no er vaksne alle som ein), støttar 100% opp om denne sprøe mora som plutseleg i sorga over at fortida blei totalt snudd på hovudet over natta, finn ut at for å overleve så må ho skape noko nytt. Og dermed på svært kort varsel oppretta nettside og nettbutikk! På kvar sin måte heiar kvar og ein på mamma/bonusmamma, og ikkje berre det - men uttrykker stoltheit over stuntet.
Det gjer til at dei dagane eg tvilar, ( og det er mange ), så lenar eg meg til min store moderne og litt bråkete familie. Dei opnar hjarte og sinn, og løftar meg opp att til eg finn att trua på at eg kan starte ei bedrift som faktisk går rundt. Eg får tips og råd, og praktisk hjelp til alt eg måtte trenge. Og dei korrigerar og hjelper ei lett utdatert middelaldrande dame å velgje rett i jungelen av trendar og ting som er "in". Og kvar dag stillar eg meg spørsmålet - "Klarar eg gjere dette til ein suksess?" Eg grublar mykje på om dette er mogeleg - og dei verste dagane diskuterast det heftig med AI Claude, om vegval og tvil.
Eg veit ikkje om dette blir suksess, alle har nok med seg sjølv. Men ein ting er sikkert, eg har ein formidabel landsby som veg opp for alt eg ikkje måtte få til. Og dei godtek nok bedriftsfiaskoen om den skulle bli ein realitet og. Eg er omgjett av menneske som løftar og heiar. Så fekk eg berre kundekretsen til å vekse på same måte som heiagjengen, då er vegen til suksess kort. Eg har faktisk alle moglegheiter!
Kor heldig er ikkje eg?