Kursaktivitet

Kursaktivitet

Har du lyst å lære å hekle vesker, korger eller anna interiør, samtidig som du har det kjekt og sosialt OG blir kjent med nye mennesker?

Då er kursa mine midt i blinken for deg. Eg held dei i mine heimekoselege kurslokalar på Skjæret i Førde, og ved interesse frå omliggande byer/bygder, reiser eg ut og held kurs lokalt.

Kvifor kurs?

  • Kurset er ideelt om du er nysgjerrig på hekling! 
  • Har du nett flytta hit og kjenner ikkje så mange enno? Perfekt med kurs.
  • Vennegjeng som vil ha ein aktivitet i lag? Perfekt med kurs
  • Babyshoweraktivitet? Vi heklar korger til barnerommet, smokkelenker og uroer. Ta kontakt for tilbod.

På kursa serverer eg lett mat og noko godt til kaffien, og du lærar ein meditativ og koseleg aktivitet. Du får handle det du treng i butikken min. Eg har som mål å bli størst på tilbehør og pynt til vesker og liknande - og er allereie godt på veg...

Kjenner eg på uro i kroppen, set eg meg ned å heklar - og uroa forsvinn!

Men eg må ADVARE - ekstremt vanedannande aktivitet!!!

Gode prisar, høg kvalitet og god service er kjerneverdiane til Tittis Hjørne.

Kontakt meg for tilbod !

Frå mitt lille hjørne i verda,

klem Titti

 

www.tittishjorne.no