Lære å bli glad...

Copyright Bjørg Thoraldsdottir

Det er ikkje lett å konsentrere seg om oppstart av bedrift i desse dagar. Å endre nettsida slik at den blir "mi", og representativ for meg, er ikkje gjort i ei handvending. Men eg må berre bruke den tida eg treng. (Eg er rask med utsending av bestillingar altså ..)

I går kom beskjed at det blir ankesak. Eg skal ikkje gå mykje inn på det, anna enn å sei at det kjennast som at vi som familie blir utsatt for overgrep igjen! Dette skulle eg gjerne sett at eg kunne beskytta bornet mitt mot. Dette vesenet er IKKJE eit verdig menneske!

Heldigvis har eg Tittis Hjørne å fokusere på. Å skape, å lære bort handarbeidsglede og gje andre meistringskjensler, er rett og slett helande. Dei dagane eg kjenner at eg er for sliten til å gjere noko, går eg i kjellaren, og set meg ned blant masse utstyr som triggar alle kreative fiber i heile kroppen min. Då kjenner eg at eg klarar ein dag til!

Eg vil takke lojale lokale kundar, som står på for å bringe Tittis Hjørne opp og fram. Eg blir audmjuk av slike gode handlingar. I løpet av våren 2026 håpar eg å nå ut nasjonalt til fleire kundar, som eg kan stimulerer til meistring og glede...

2025 var eit år fyllt av sorg og negative kjensler. Heldigvis kjente vi som familie på mykje varme og omsorg også - men i metaperspektiv føler eg at dette var sorgens år. I desember bestemte eg meg etter tips frå eit menneske eg verkeleg beundrar, for å bruke 2026 til å lære meg å vere glad. Eg veit... dette høyrast litt merkeleg ut, men ver tolmodig med meg eit sekund til.

Først vil eg fortelle ei historie som er omtrent 11 år gamal no.... Den gang var eg heime med ein son som var blitt alvorleg, og uforståeleg sjuk. Vi sat med han dag og natt, og sov kun nokre timar på skift i døgnet. Ein morgon sat eg med strikketøyet og høyrde på GMN. Eg var margsliten! Brått høyrer eg:

"Det er skikkeleg dumt å henge med hovudet når du står til halsen i drit!!"....Uttala vart ettefulgd av eit skikkeleg latterbrøl. Ein slik latter du høyrer kjem frå heilt nederst i magen, og med vid open munn. Eg støkk til, fordi dette var ein morgon eg verkeleg hang med hovudet - og driten??? HADDE NÅDD MEG TIL LANGT OVER HOVUDET!!!!

Når eg sjekkar TVén - så ser eg Bjørg Thoraldsdottir for første gong. Eg fekk ei kjenske av at dette var ein beskjed frå universet. Mottoet mitt endra seg den dagen! 

"Når du står til halsen i drit - er det SKIKKELEG dumt å henge med hovudet"

I desember vart eg fortalt at akkurat Bjørg held årskurs i Glede - Destinasjon Glede. Denne reisa har eg no starta på - og eg kjenner meg håpefull. Eg kjenner på håp om at 2026 kan bli eit gledens år, og at eg kan lære meg å vere glad heilt inn i kjerna. For det trur eg at eg må lære meg att! Eg skal iallefall prioritere meg og mi glede. No må eg ta på meg "oksygenmaska"...

Pass på deg sjølv - og smil til ein framand i dag! Det kan endre heile dagen til eit menneske. Tru meg - eg veit!

Gla´helsing frå 

Titti