Då har eg gjort meg ferdig med årets messer. For ei oppleving dette har vore!
Masse kjekke mennesker som har vist stor interesse for, og glede over, handarbeidet mitt.
Denne sesongen har ikkje
handla om sal for meg. Eg er heilt i startfasen av ei ny bedrift, dette gjer at det handlar meir enn noko anna om å få "Tittis Hjørne" ut i verda. Og det vil nok ta litt tid.
Tida har gått med på å finne ut kva profil eg vil at bedrifta mi skal ha, og korleis eg best kan jobbe med dette.
Oppstarten av bedrifta har hatt ein annan viktig funksjon både for meg og for familien. Nemleg positivt fokus. Alle har engasjert seg, heia på og nokre har vore med rundt om på messer. Dette fokuset har vore helande i ei tid med store påkjenningar.
Måndag startar rettsaka vi har venta på i eitt år. Då skal guten min gjennom store og ubegripelege traumer nok ein gong. Med å møte att sin overgripar, og måtte gå gjennom i harde detaljar og fakta det han har holdt skjult for alle. Eg kjenner at grunnen er litt vaklande under oss i desse dagar.
Tittis Hjørne har for meg vore det som har dradd meg vekk frå sinne, fortviling, angst og skuldkjensle. Ikkje berre når eg bygge profilen til bedrifta mi - men mest av alt når eg sit med heklenåla i hendene, og den skapar inspirerande og vakre produkt. I kvart produkt ligg tilheling og løfte om ei ny framtid.
På messene har eg møtt så mange spennande og positive mennesker, noko som har gjort meg svært godt. Takk til kvar og ein for alle smil, gode kommentarar, klemmar og lukkeønskingar med mitt nye eventyr. Det har gjett styrke til vekene som kjem!
Ta vare på kvarandre, og tør å spørre korleis andre verkeleg har det.
Titti <3
Messesesong 2025
