Denne månaden er snart over, og eg jobbar meg gradvis framover. Framover for meg og helse, framover for meg og framtid, framover for meg og håp, framover for meg og Tittis Hjørne.
Den lille livbøya som Tittis Hjørne har vore, har tatt si eiga form, og startar så smått å vekse. Samtidig som bestillingane kjem inn, veks butikken i mitt framtidsperspektiv. Alle mennesker er så rause med kompliment for produkta eg lagar, for kursa eg held og med si støtte til prosjektet mitt. Det rørar meg og inspirerar meg!
Etter ein svært slitsam periode, har kreativiteten vokse att, og denne veka har eg laga ei ny lita veske som eg har kalla Opal etter fødselssteinen min.

Ei slags markering av at eg har starta å finne fotfestet igjen. Og det er allereie interesse for den <3 For å sei det lite beskjedent - så går den som varmt kveitebrød!
I dag er siste dagen i månaden, og det er tid for donasjon til LMSO -Landsforeninga mot seksuelle overgrep. Denne månaden vart utrekninga 925 kr - og eg har laga meg ein regel om at eg rundar opp til næraste 100 -lapp. Eg har difor i kveld sendt 1000 kr for januar månad.
At den første skikkelege månaden eg driv, brakte inn 1000 kr i 5 % av omsetninga, gjer meg audmjuk og stolt. Og skulle eg inspirere nokon til å gje ein liten ekstraslant til LMSO - så legg eg QR-koden nederst i dette innlegget.
Legg då gjerne ut ein status kor du taggar både @tittishjorne og @LMSO. Tenk om det kunne blitt ein ting mange gjorde? Ingenting ville gjort meg gladare!!! Eg skal gjere det som fysste kvinne - så håpar eg fleire fylgjer etter.
Det er så viktig for meg å jobbe aktivt mot seksuelle overgrep i ei eller anna form, og mot tabuet det er rundt det å ha blitt utsett for overgrep. Tausheit skapar mørke krokar, som gjev rom for handlingar som ikkje toler dagens lys. Skam og tabu gjer det vanskeleg å rapportere dette for born og unge som har vore utsett for desse handlingane.
Eg avrundar kveldens refleksjonar med ei bøn om å vere rause og opne, prøv å sjå bak menneskets fasade, symptom og åtferd, og sjå om det er noko du kan bidra med for å gjere godt. Dei aller fleste av oss har heilt andre djupner enn den fasaden vi lysar rundt oss med. Så difor - Sjå bakom...
