I desse dagar er eg og mi lille bedrift mykje å sjå rundt om på lokale messer. Dette er noko av det kjekkaste eg held på med. Våren har gått mykje i kakebestillingar. Er du observant ser du kanskje at eg har lagt til ei ekstra side i nettbutikken. Eg har fått så mange forespurnadar på kva eg lagar og kva prisane er - at eg bestemte meg for å lag ei oversikt i nettbutikken. Dette er ein voksande del av mitt lille prosjekt.
Nettbutikken utviklast kanskje ikkje så fort som den burde (?) - men eg har lært dei siste 18 mnd'ane, at alt har si tid. Eg bygge stein for stein, nøye balansert med kva eg klarar å ta unna ved sida av 100 % jobb innan forsking. Draumen er å bygge noko varig - difor brukar eg tid.
I sommar skal oppskriftsmodulen min opp å gå. Eg har ein mal på oppskrift som krev at eg gjer ein del filmarbeid - og det er sommarens oppgåve. Samt at eg kjem til å lage eit nettkurs - med livesendingar - for deg som ynskjer å lære å hekle. Her blir det mykje oppgåver og sosiale kveldar - for deg som ikkje kan komme på fysisk kurs.
Eg held på å bygge gradvis opp ei lukka facebookside - "Bak maskene" - som det blir tilgang til gjennom abonnement. Denne lanserar eg 20.august. Her blir det live-kveldar, tilgang til alle mine oppskrifter og mykje kjekke konkurransar. Eg ynskjer å skape eit fellesskap, kor alle kan delta.
Men fysst og fremst den viktigaste sommaroppgåva i år - Å hente min vakre lille Ellis til bestaferie - mens mamma og pappa tek i mot lillesysta. Å bli storebror er ei sjeldan oppleving - og eg er sjeleglad for å få lov å skape desse minna saman med han.
Eg håpar din sommar blir fyllt av is, sol, bading og dorske sommarminner. Eg stikk innom i ny og ne for å minne deg på å vere takknemleg og glad for dei små tinga 🧡
God Sommar då du!!!
Vi heklast - Titti