Spennande tider

Spennande tider

I desse dagar skjer det mykje hos Tittis Hjørne. Først og fremst nærmar 1 årsdagen for oppstart av nettbutikken seg med stormskritt. I den anledning vel eg å skifte nettbutikk plattform. Du som kunde kjem ikkje til å merke noko forskjel anna enn utsjåande til butikken. Eg trur den blir veldig bra. Meir oversikteleg og lett å finne fram i. 

Eg har og innsett at eg har så stor bredde i vareutval og interesser etter kvart, at eg må innsjå at eg er meir en hobbybutikk enn berre hekling av vesker. Så eg fortset mi ferd som din hobbybutikk.

No har eg starta opp kursing for hausten - og pågangen er heldigvis kjempe!!! Sjekk gjerne kursdatoar framover:

Kurs hos Tittis Hjørne

Fleire datoar kjem - men ver om deg for å sikre deg plass, Saknar du noko? Send meg ei melding med ønske om aktivitet

Til helga att finn dåke meg på på Sunnfjord museum på salsmesse, både laurdag og sundag 12. og 13. sept.

Deretter blir det Strynemessa 2. 3. og 4. oktober, Florø si julemesse den 14.november, og så kjekkast av alt - Julemarknad i Florø frå 29. november til 20. desember. Eg skal stå alle dagane -  så får eg sjå korleis det er å drive fysisk butikk! Eg gledar meg noko heilt vanvittig.

Eg kjem til å selge vesker , korger og bordbrikker sjølvsagt. Utanom dette blir det masse veskepynt, ulike cookies (er registrert hos mattilsynet) og litt babyutstyr (koseklutar, tepper, moseskorg,smokkelenker etc.) Her skal vere mange julegåvetips. I tillegg kjem eg til å selge ulike produktpakkar med oppskrift. Eg håpar å sjå deg der.

Tittis Hjørne har no og opna ei facebookgruppe kor vi delar hekle og strikkeentusiasme. Eg legg ut mykje gratis oppskrifter, held konkurransar og anna morro. Kanskje du har lyst å vere med der?? 

Som du skjønnar har eg ikkje fritidsproblem i desse dagar - og det er akkurat slik eg likar det. Så - manglar du noko til dine hekleprosjekt? Eller har lyst på litt idear?? Stikk innom nettbutikken 

www.tittishjorne.no

Håpar å sjå og høyre frå deg!

0 kommentarer

Skriv en kommentar

Merk at kommentarer må godkjennes før de publiseres.