I desse dagar har Tittis Hjørne vore online i 6 mnd. Dette har vore ei reise med mykje lærdom og spennande dagar. Men det skal ikkje stikkast under ein stol at det er tøft også. Tøft energimessig - tøft økonomisk og tøft personleg. Nettbutikken er den som er vanskeligast. Trafikken er bra, men handelen er nesten ikkje-eksisterande. Noko som skapar tvil om meg og mine idear, må eg innrømme.
Desse siste dagane har eg tenkt mykje. Og bestemt meg for ei endring i konsept. Dei siste vekene har invitasjonar til messer starta å renne inn frå heile landet. Og eg vel å satse på messer - fordi mitt nye hovudfokus blir no å selge ferdige produkt, heller enn å lære andre å lage dei sjølv og selge tilhøyrande utstyr.
Eg elskar å halde kurs og generelt undervise, men markedet ser ikkje ut til å vere interessert pr no, og då må eg endre fokus. Sundag denne veka blir det siste kurset i dette formatet. Frå no held eg kurs på forespørsel, og det må vere minimum 5 forhåndspåmelde før eg aksepterar. Så er de ein vennegjeng eller kollegagruppe som ynskjer å gjere noko kjekt saman - ta kontakt. Men eg kjem ikkje til å lyse ut fleire kurs - fordi dette er noko eg ikkje får god nok respons på.
Eg har nett takka ja til å halde kurshelg, med hekling og foredrag om kreativitet og psykisk helse i ein annan del av landet i september. Slike konsept kan og vere noko eg satsar på. I nettbutikken vil fokuset no vere på sal av ferdige produkt eg primært har designa sjølv, og tilhøyrande DIY-pakkar for dei som ynskjer lage mine design på eiga hand. Eg kjem ikkje til å prioritere import av varer, så lenge etterspurnaden er så låg som den er no.
I tillegg lagar eg ei side for kaker - sidan den delen av drifta er i stor etterspurnad. Der vil eg sette opp ulike alternativ med prisar, samt eit kontaktskjema for førespurnad om bestilling av kaker.
I sommar skal eg jobbe litt med eit nytt konsept, før eg lanserar i september. Ideane er ikkje vekk, sjølv om eg kjenner eg ikkje heilt har fått til det eg ville.
Dette betyr at eg tek ned aktiviteten i sjølve nettbutikken litt, og fokuserar på det eg syns er kjekt. Eg er fortsatt svært nøgd med at eg har vore med å pressa ned pris på cord! Det var eit solid teamwork - sjølv om det var basert på konkurranse.
Eg har nett starta å bygge Tittis Hjørne - og veit at vegen i slike prosjekt er lang. Samtidig er eg praktisk anlagt, og har trang til å endre kurs når eg ser at noverande ikkje funkar. Men dei av dykk som har fulgt meg, heia og handla - TUSEN TAKK! De har verkeleg gjort dagane gode for meg!
No startar eg å endre litt på konseptet mitt - og håpar de fortsatt er med meg som heia-gjeng.
Vi heklast!
Klem frå Titti