Vestlandssommaren er på hell

Vestlandssommaren er på hell

Vi her på vestlegaste vestlandet kan ikkje skryte på oss verken varmebølge eller solstikk. Derimot har vi nesten drukna i vatn ovanfrå. Svømmehuda vi som regel får ein gong ut på hausten - er allereie velutvikla. Solariumet skal nok få eit besøk eller to av meg dei neste vekene. 

Eg har forsøkt å kople av litt frå nettbutikk og sosiale media, og har heller fokusert på ein ny hobby - teikning og maling. Det har vore reint meditativt. I den anledning må eg fortelle om den vakraste lille bokbutikken i Haugesund. Eg forelska meg heilt! Den heiter - Den Lille Bokbutikken - og har den kulaste telefonkiosken utafor. Der kjøpte eg meg 2 notatbøker, med soft skinn og vakre fargar. Den eine teiknar eg kun i - mens den andre skrive eg litt, og illustrerar til. 

Eg er heldigvis kreativ i mitt utløp. Eg får stadig spørsmål om kor mange timar eg har i døgnet - sannheita er vel at eg søv litt mindre enn andre?! Og all vaken tid må fyllast med noko.

Heklinga held eg på med jamnt og trutt - og eg får heldigvis stadig utfordringar frå omverda om ei veske dei ynskjer seg - men ikkje heilt veit korleis ser ut. Dette er mine favorittoppdrag! Då får kreativiteten blomstre, og eg blir utfordra nesten til det ubehagelege.

Om min sommar har mangla sol - så har den ikkje mangla kjærligheit. 2 borneborn har eg lånt ei veke kvar, og elles har eg kun kosa meg med kreative sysslar. Kan man klage på sånt?

I dag held eg på å legge inn masse nye varer i butikken, men det tek tid. Ha tolmod med meg, og kikk innom nettbutikken mot helga, og du vil finne gode tilbod, kjekke varer og ei og anna nye oppskrifta. Eg håpar å sjå deg der.

Vi heklast 🧡 - Titti

0 kommentarer

Skriv en kommentar

Merk at kommentarer må godkjennes før de publiseres.