Denne helga har eg vore i Høyanger på marknad, og la meg sei: Dei har skjønt kva marknad dreiar seg om!!! Laurdag vrimla det av folk i sentrum, der var levande musikk og folk starta spontant å danse i gatene. Veiret var bra - og folk koste seg.
Eg trur at så langt er dette mitt favorittarrangement! Arrangørane var på, og stilte med kanonservice, velkomstbrev med all info ein trengte, og gjekk rundt å passa på - heile tida! Fantastisk!!!! Kudos for verkeleg flott arrrangement.
Så var det kundane då!!! Rause, positive og veldig interesserte i arbeidet mitt. Det var rett og slett superhyggeleg å stå på stand, og prate med masse folk. All tvil ein har som nyoppstarta bedrift innimellom, vart tørka vekk av mange og kjempepositive mennesker. TUSEN TAKK til alle og ein kvar som stoppa, kjente på og spurte om produkta mine. Og TUSEN MILLIONAR TAKK for alle komplimenta!!! You made my day/week/month/year!
Og til alle dykk som sender inn bestillingar på nye vesker! Pr sitjande sekund har eg 5 stk ståande på ordreblokka - det er berre heilt AMAZING!!!
Eg har nådd ein ny milepæl - eg har blitt MVA-pliktig. Det vil sei eg har nådd 50 000. i sal. Det er berre heilt enormt! Nedsida til det er at eg må auke prisane litt - men det er eit lite problem, sidan eg har lagt meg bra lavt i utgangspunktet! Produkta er verd pengane - og er du ikkje nøgd, kom att med produktet - og vi fiksar problemet.
Janteloven sit djupt i meg - men når man startar eige bedrift kan man ikkje ha med seg denne. Eg er så heldig at eg har kjempeengasjerte ungar og mann, som heiar - skryt - og ikkje tillet meg å ligge for lenge i den negative spiralen. Kor heldig er ikkje eg? Det er jaggu bra gjort av dei, med tanke på at eg har strekt det personlege budsjettet laaaaangt, for å kunne halde på med dette.
I sommar kjem oppskriftene på plass på nettsida - forhåpentleg i ei form som passar for alle. Eg tenkjer eg har funnet på eit svært godt konsept mtp desse. Dette har eg brukt lang tid på, av 2 grunnar! Eg ynskjer at produktet skal vere verdt MEIR enn det du betalar for det, og tida strekk ikkje heilt til energitanken for tida. Difor var det så utruleg kjekt å delta på Høyangerdagane - energitanken er full!!!!
Igjen - tusen - millionar takk til alle som handlar, trykker liker og/eller kommenterar på innlegga mine, fylgjer sidene mine i sosiale media, heiar og fortel andre om mitt lille prosjekt. Tittis Hjørne veks - sakte men sikkert - og hjartet mitt syng i prosessen. Dette er det kjekkaste eg har bala med nokon sinne. Og det er på grunn av alle dåke fine folka som heiar og følgjer meg på reisa.
TUSEN TUSEN TAKK! Eg gler meg verkeleg til ferda vidare saman med deg. Tittis Hjørne er på veg til å bli ein aktør andre aktørar må rekne med!